page view image

Karl Seglem Kvartett

Karl Seglem Kvartett er Karl Seglem på tenorsax, bukkehorn og poesi/vokal, Erlend Viken på feler og vokal, Hallvard Gaardløs på bass og vokal, og Kåre Opheim på trommer og vokal.

Information
event image

Norges fremste bukkehornist og tenorsaxofonist har eit imponerande driv til stadig å utforske tilhøva mellom folkemusikk og jazz – og alt rundt, alt utanfor. Det er vanskeleg å setja ein merkelapp på Karl Seglem. Han har skapt sitt eige lydunivers, sin eigen sjanger så å seia. Og musikken er for han ei vital og personleg uttrykksform. La oss kalla det verdsarvjazz sidan mykje av inspirasjonen til skapingsprosessane kjem frå norsk folkemusikk og norske fjell og fjordar. Kvintetten presenterer musikk frå ei lang rekke av hans mange album-utgjevingar der kritikar-roste Mytevegar, Nunatak, Ossicles og Nordic Balm står sentralt. Eit lydlandskap der både fjellheim, sanddyner, asfaltjungel, bølgjande skog og livgjevande vatn kan høyrast. Overtydande utadvendt, vakkert energisk, poetisk nordisk tøtsj.

Besetning:

Karl Seglem - tenorsax, bukkehorn, poesi/stemme
Erlend Viken - feler, vokal, stemme
Hallvard Gaardløs - bass, stemme
Kåre Opheim - trommer, stemme

Lytt til musikken:
https://tidal.com/artist/21297/u

Waiver

Konsertstart 21:00.
Kjøpte billetter refunderes ikke.